text
stringlengths
0
19.4k
timestamp
timestamp[ms]
url
stringlengths
0
2.09k
source
stringclasses
4 values
Mount Hornsby er eit markant, snødekt fjell på sørsida av den midtre delen av Sjögrenbreen på Trinityhalvøya i Antarktis. Det vart kartlagd frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (1960–61), og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Richard Hornsby & Sons frå Grantham, som bygde fleire nyttige beltevogner for det britiske forsvarsdepartementet, dei første beltetraktorane, i 1904–10.
2022-12-06T10:29:04
https://mapio.net/wiki/Q6921327-nn/
OSCAR-2301
Kvar onsdag fyrer vi opp i den vedfyrte bakaromnen i Sandvika. Vi bakar steinbakte brød og bollar. Utsalet og kafeen open frå kl 14 til kl 17.Bestill gjerne på førehand!
2022-12-01T16:55:24
http://www.steingodt.no/
OSCAR-2301
Rapport er ein sakprosasjanger som går ut på å gje informasjon eller anna innhald som gjeld eit emne under undersøking. Rapportar er hovudsakleg informative tekstar, men kan òg innehalda overtydande delar i form av forslag og oppmodingar.
2022-12-06T07:41:30
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Rapport
OSCAR-2301
Ein skrankeadvokat er ein advokat som prosederer for ein domstol. Ordet skranke viser til rekkverket i rettssalen som skil dommaren sin plass frå advokatane, tiltalte og åskodarar.
2022-11-29T15:12:05
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Skrankeadvokat
OSCAR-2301
På 15- og 1600-talet forsvann tusenvis av norske mellomaldermanuskript, eller dei vart reduserte til fragment. I dag inneheld Riksarkivet og andre samlingar fragment frå kring tusen «resirkulerte» manuskript. Fragmenta utgjer eit digert puslespel av bøker, som til saman er forma av rundt 6500 enkeltfragment. I meir enn hundre år har forskarar kopla saman bitar frå gamle manuskript, og dette arbeidet går føre seg den dag i dag. Det digitale formatet gjer det enklare å sjå føre seg boka som ein gong fanst. Det at innbindinga er borte og at fragmenta ligg i separate konvoluttar og øskjer, eller framleis sit fast på papirhefte, er ikkje lenger eit problem i seg sjølv. Me må innsjå at mesteparten av manuskriptarven er tapt. Men ved hjelp av digitale rekonstruksjonar kan me atter bla gjennom somme av handskrifta frå norske boksamlingar – kor fragmentariske dei enn måtte vera. Å kopla saman bitar frå mellomalderhandskrift er éin del av forskingsprosjektet «Frå handskriftsfragment til bokhistorie». Me vonar du vil ta ein nærare kikk på utvalet vårt av virtuelle manuskript og bla deg gjennom sidene!
2022-11-26T16:34:55
https://fragment.uib.no/NO/
OSCAR-2301
Ein liten robot som putlar rundt på ein grasplen er ikkje blitt eit uvanleg syn dei siste åra. Likevel er det ikkje berre fordelar ved dei automatiserte hjelparane.
2022-12-03T12:38:25
https://www.sognavis.no/roboten-sparar-eigaren-bade-tid-og-krefter-likevel-er-dei-ikkje-heilt-ufarlege/s/5-115-450439
OSCAR-2301
45 år har gått sidan det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon i bæverdalstraktene etter Ingar Holten frå Tingvoll. 32-åringen dro ut på rypejakt tirsdag 9. november 1976. Same kveld vart han meldt sakna. Fleire hundre personar, samt helikopter, deltok i leiteaksjonen. Laurdag 13. november gjekk det fire bussar med frivillige frå Tingvoll. Men det skulle altså gå nesten eitt år før Holten var funnen omkommen. Det var tre jegerar som laurdag 22. oktober 1977 fann Holten i bratt og ulendt terreng i Rundbotnen, nær fjellet Dyrstolan på grensa mot Valsøyfjord. Konklusjonen var at han hadde ramla utfor ein skrent. Holten starta frå Brattset, og skal ha hatt som plan å gå vestover mot Neverholten. Funnstaden låg derimot eit par timars marsj i retning nord frå Brattset.
2022-11-30T04:30:20
https://www.vebju-media-ansnes.com/l/leiteaksjon/
OSCAR-2301
Mount Jones er den nordlegaste toppen i Clark Mountains i Ford Ranges i Marie Byrd Land. Det vart oppdaga på flyturar frå West Base frå U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940, og kalla opp etter Clarence F. Jones, ein geografiprofessor ved Clark University.
2022-12-06T16:26:42
https://mapio.net/wiki/Q6833854-nn/
OSCAR-2301
Drac er ei 130 km lang elv søraust i Frankrike, og ei av sideelvane til Isère frå venstre. Ho har sitt utspring der elvane Drac Noir og Drac Blanc renn i hop, som begge har kjelder i den sørlege delen av Massif des Écrins. Ho renn gjennom fleire reservoar, og munnar ut i Isère nær Grenoble. Den største sideelva hennar er Romanche.
2022-12-09T09:21:09
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Drac
OSCAR-2301
Endelig går ferien mot slutten og me gjer klar for ein ny kjekk haust med mykje god og gøy trening. Det er viktig å lesa planen nøye då det kan væra endring frå veka til veka med startpunkt og stad. Trenar Teamet gleder seg stort!
2022-11-28T09:19:22
https://www.osteroyil.no/?mapping=296
OSCAR-2301
Bismarck er hovudstaden og den andre største byen i delstaten Nord-Dakota. Byen er òg hovudsete for fylket Burleigh. I 2000 vart det estimert at Bismarck hadde 55 532 innbyggjarar. Byen ligg ved Missourielva.
2022-12-05T15:54:07
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Bismarck_i_Nord-Dakota
OSCAR-2301
Eit energinivå er energien til eit system av molekylær storleik eller mindre når systemet er i ein tilstand som ikkje blir endra med tida (ein stasjonær tilstand). Når til dømes eit atom går frå eit energinivå til eit anna og lågare energinivå, sender det ut elektromagnetisk stråling, som gjev opphav til eit linjespektrum. Niels Bohr formulerte den første primitive versjonen av kvantemekanikken i 1913. Frå dette utleidde han energiane i energinivåa til hydrogenatomet, og forklarte vidare bølgjelengdene i mellom anna balmerserien i hydrogenspekteret som ein konsekvens av at energien er bevart. Diskrete energinivå finst òg i atomkjernen. Energinivåa i kjernen har ein storleiksorden kring MeV, og elektromagnetisk stråling som blir sendt ut ved overgang mellom desse vert kalla gammastråling.
2022-11-26T20:30:40
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Energiniv%C3%A5
OSCAR-2301
Mount Mannering er eit fjell i Antarktis som ligg 4 nautiske mil (7 km) sør-søraust for Toilers Mountain i King Range i Concord Mountains. Det vart namngjeve av den nordlege geolog-gruppa frå New Zealand (NZGSAE), 1963–64, etter Guy Mannering, ein fotograf som var ved Scott-basen 1962-63.
2022-11-28T01:16:51
https://mapio.net/wiki/Q6922000-nn/
OSCAR-2301
Det bles ein stiv vind inn frå havet, over strendene og vidare opp over mark og myr. Spreidd utover landskapet på Ogna står det nokon som trassar den kraftfulle jærske vinden. Sjølv om han riv og slit ...
2022-12-03T02:51:21
http://www.xn--srfylket-54a.no/tags/fritz-thaulow.htm
OSCAR-2301
Alle Helgensdag er sundagen vi særleg minnest dei som døydde det siste året. Namna på dei 11 personane vart lesne i kronologisk rekkjefylgje, frå Ruth Sæle gravlagd 12. november i fjor til den siste, Norunn Andreassen, gravlagd 14. september i år. Minnegudstenesta omfattar alle uansett kva tid ein døydde og vart gravlagd. Det vert tend ljos i globen ved kvart namn. Kyrkja sender invitasjon i forkant til alle pårørande. Det var frammøte frå fleire familiar. Mange nytta høve til å tenna ljos ute på gravene denne dagen og på kvelden.Til slutt les presten bøna: Vi takkar Deg for dei som har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. Du har sett oss eit evig mål hos Deg.
2022-12-01T06:48:35
https://uskedalen.no/nyheter/minnegudsteneste-og-ljostenning-i-uskedal-kyrkje/
OSCAR-2301
W (w), dobbel-v eller dobbelt-v er den 23. bokstaven i det latinske alfabetet og ei fordobling av bokstaven v. Han vart innført i irsk skrift tidleg i mellomalderen. Forma stammar frå runealfabetet. Her er w representert av åttande rune i første ætt. Han vert uttalt som v i dei nordiske språka og på tysk. På engelsk vert han uttalt som ein konsonantisk u. W vert i norsk berre nytta i lånord og namn.
2022-12-02T17:16:08
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/W
OSCAR-2301
Norges største innlandsmolo? M/B Mårfjord har daglege avgangar frå synken til Mårbu om sommaren. Den 80 år gamle skipparen har ført båten over Mårvatn i 60 år.
2022-12-05T05:34:34
http://blog.turban.no/2009/07/marbu.html
OSCAR-2301
Poet og forfattar Amalie Kasin Lerstang har i år vore redaktør for antologien En eller to eller hundrevis av søstre, ei samling dikt om og av kvinnelege poetar. Samlinga har eit vidt spenn av tidsepoker og kulturar, og dikta krinsar om tema som seksualitet, moderskap og kvinnerolla i ei ny tid. Poetane er alt frå klassikarar som Inger Hagerup til nye stemmer som Sumaya Jirde Ali. Lerstang gir oss eit foredrag om nokre utvalde poetar frå boka.
2022-11-30T14:26:11
https://www.litteratursymposiet.no/program/all-programs/-d%C3%B8de-kvinner-og-poesi
OSCAR-2301
Monogami (frå gresk monos, 'ein', og gamos, 'bryllaup') eller eingifte tyder å ha berre ein partnar, anten livet ut eller i ei viss tid. Monogami er vanleg hjå ein del dyreartar og blir sett på som eit ideal blant menneske i mange delar av verda. Brot på ein lovnad om å vera monogam blir kalla utruskap. Nokon som har samliv med fleire samstundes blir kalla polygame.
2022-12-09T16:20:46
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Monogami
OSCAR-2301
Skruvestikka er ein nunatak like aust for Filsponen ved sørenden av Payerfjella i Dronning Maud Land. Han vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne under den norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeven av dei.
2022-12-08T16:58:19
https://mapio.net/wiki/Q7536680-nn/
OSCAR-2301
I dette galleriet finn du bilde frå den ytre delen av Søre Sunnmøre, dvs. kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.
2022-12-06T21:29:48
https://www.naturfotografen.no/p87999311
OSCAR-2301
Flott skjerefjøl med kniv. Inngravert med «GodtLam frå Bømlo». Med i denne flotte gåvepakka følger ei pakke Bømlafår - vår eiga spekepølse, etter eiga oppskrift. I Bømlafår er sukker bytta ut med honning frå SnillBie. Kjøttet er av både sau og lam, av gammalnorsk spælsau. Innhald: Kjøtt av Gamal norsk spælsau/lam. Fett ca 18%. Salt (ikkje nitrit). Einebær. Peppar. Økologisk lynghonning frå SnillBie. Tarm av okse. Røykt på bøk og einer.
2022-12-01T04:27:19
https://snillbonde.no/products/godtlam-spekefjol-med-kniv-og-bomlafar-samt-snillbie-okologisk-honning-250-g
OSCAR-2301
I dag på første pinsedag såg eg gudsteneste frå Sverige på TV. Den skal eg kome tilbake til. For eg kom og til å sjå eit innslag på Dagsrevyen der reportarar hadde vore ute og spurt folk på gata om dei visste kvifor vi feira pinse. Det synte seg at svært få visste det, men ein 12-åring kunne seie at det var høgtida 10 dagar etter Kristi Himmelfartsdag. Han var ein av dei få som kunne noko konkret av dei som vart spurde i den undersøkinga. Vi som er litt meir opplyste, veit at pinsa ofte vert omtalt som kyrkja sin fødselsdag, det var då det heile starta som i dag syner seg i kyrkjelyder over heile verda. Rett nok med noko ulike fargar i truvedkjenning og form, men likevel eitt i Kristus gjennom Den Heilage Ande. Presten som talte i kyrkja i Norrköping, skildra pinseunderet på ein måte som var ny for meg. Sjølve underet der disiplane talte på ein måte som gjorde at folk frå mange land forstod det dei sa, det er eit under som knapt har sin like, ikkje eingong tungetale kan måle seg med noko slikt. Men presten synte korleis vi og i dag har mange språk innan språket og korleis det ofte kan vere vanskeleg å skjøne fagspråk sjølv for folk som har felles språk. Det var det ikkje vanskeleg å vere samd i. Som lærar i norsk som andrespråk ser eg korleis elevane mine nok kan ha og forstå eit daglegspråk i norsk, men om dei skal skildre til dømes religiøse erfaringar, kan dei i liten grad nytte språket eg lærer dei, det er ikkje ein del av daglegspråket. Når vi har språktest 2 og 3 og Bergenstesten, er kvar av testane eit utvida språk der ein skal bruke språket på ein rikare måte. I så måte er det eit pinseunder kvar dag når ein prøver å forstå eit nytt språk med alle dei valørar og konnotasjonar som språket har. Ja til og med eige morsmål er eit pinseunder, at vi menneske kan kommunisere med avansert språk, til dømes abstrakt språk, seier forskarane er den viktigste skilnaden frå dyra.
2022-12-02T10:37:03
https://blog.setesdalswiki.no/2014/06/pinsetid-18621079/
OSCAR-2301
Nyhende, Grasrota | Kvinnherad fekk 890.115 kroner i grasrotmidlar frå mai til august i år – desse fekk mest
2022-12-06T10:25:48
https://www.kvinnheringen.no/kvinnherad-fekk-890-115-kroner-i-grasrotmidlar-fra-mai-til-august-i-ar-desse-fekk-mest/s/5-27-316929
OSCAR-2301
Byen ligg på begge sider av Parrett, 16 km frå munningen. Han har vore ei stor hamn og eit handelssenter og er framleis eit industrisenter.
2022-11-30T17:41:19
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Bridgwater
OSCAR-2301
© Arnold Hoddevik. Det er ikkje tillatt å kopiere tekst eller bilde frå desse sidene, men du kan gjerne kjøpe bilde
2022-12-06T14:58:41
https://www.arnoldfoto.no/photo_16857410.html
OSCAR-2301
Romma ligg på loftet i gamlehuset på tunet. Det er tre rom i overetasjen og alle deler eit lite bad med toalett og dusj.
2022-11-29T22:14:48
https://christian-gaard.no/accommodation-category/gamlehuset/
OSCAR-2301
Virchow Hill er ein ås mellom Lister- og Parebreen nord på Brabant Island i Antarktiske Arkipel. Det er med på eit argentinsk kart i 1953, men ikkje namngjeve. Han vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1956-57, og kartlagd frå desse bileta i 1959. Han vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Rudolf Virchow (1821–1902), ein tysk pioner innan patologiske undersøkingar.
2022-11-30T10:22:06
https://mapio.net/wiki/Q7933675-nn/
OSCAR-2301
Hanne (23) triumferte mindre enn eit år etter at ho miste faren: – Sorga vil alltid vera der, men han er ikkje meir. Livet må gå vidare.
2022-12-08T00:10:17
https://www.sognavis.no/tag/bikinifitness
OSCAR-2301
Kaliningrad oblast (russisk Kaliningradskaja oblast) er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Det administrative distriktet (oblastet) omfattar dei nordlege delane av den gamle provinsen Austpreussen i Tyskland. Området går frå Austersjøen opp til Litauen, og vart okkupert av Sovjetunionen etter Andre verdskrig. Hovudbyen i oblastet har namnet Kaliningrad. I 1946 vart byen omdøypt frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. Kaliningrad oblast er ein eksklave utan samband over land til det eigentlege Russland, og er frå 2004 omgjeve av EU-landa Polen og Litauen. Ved vala til oblast-parlamentet 13. mars 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet. Heile 16,5 % av veljarane røysta «mot alle», som tilsvarar å røysta blankt.
2022-12-08T14:19:45
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Kaliningrad_oblast
OSCAR-2301
Brorparten av filmane som skapast er adaptert frå eit anna originalt verk, og slik har det vore sidan tidleg i film-mediets historie.
2022-12-05T15:02:20
https://jump-cut.no/tag/sult/
OSCAR-2301
Etter 39 år i firmaet Anticimex er ikkje Lars Ove Hansen i tvil; aldri har han opplevd ein verre vinter når det gjeld skadedyr.
2022-11-29T19:04:20
https://www.dalane-tidende.no/lars-ove-61-har-fjerna-skadedyr-pa-jaren-i-39-ar-dette-er-eit-ekstremt-musear/s/5-103-579907
OSCAR-2301
Kan vi i Kinn kommune gjere som Prøysen, og rette opp alle feila frå i går? Det må finansministeren svare Stortinget på om kort tid.
2022-12-09T19:14:10
https://www.firdaposten.no/no-hamnar-eigedomsskatten-var-i-stortinget/s/5-16-491801
OSCAR-2301
På telefon frå huset sitt i Spania, seier Hagen til NRK at han meiner det var uklokt av Erna Solberg å hente heim ein terrorist, og at ho kjem til å angre på avgjerda.
2022-11-28T11:41:19
https://www.yrkeskverulanten.no/2020/01/20/hagen-erna-solberg-har-dolka-frp-i-ryggen/
OSCAR-2301
Det vart gjennomført 75 skot før vinnaren vart kåra. Det vart utført imponerande skyting av fleire og aller best var junioren Thomas Lien. Imponerande ! Finalelaget ​Frå venstre: Thomas Lien, Kolbein Lunde, Gisle Enge, Bjørn Aatangen. Tom Hardeland var ikkje til stades når bildet vart tatt. 1) Compak Sporting er ei grein innafor leirdueskyting. Til forskjell frå Jegertrap vil sporting variera med duer frå fleire kasterar, fleire retningar, oftast 2 duer om gonger og av og til 2 duer på same tid. Du kan lese meir om Compak Sporting her.
2022-12-05T19:11:45
https://www.ejff.org/resultat-klubbmeisterskap-compak-sporting.5896652-243845.html
OSCAR-2301
Her får du servert nydeleg bakst frå eige bakeri: brød, kanelknuter, scones, påsmurt, pizzasnurrar og mykje meir.
2022-11-30T16:11:00
https://www.hareid.kommune.no/turistinformasjon/aktuelt/mjol-og-meir-med-eigen-filial-pa-hareid.143664.aspx
OSCAR-2301
Mintz Peak er eit lite fjell søraust i Mount Hartigan i Executive Committee Range i Marie Byrd Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1958-60. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Jerome Mintz, som var meteorologfagleg elektrikar ved Byrd-stasjonen, 1959.
2022-12-03T16:58:34
https://mapio.net/wiki/Q6953041-nn/
OSCAR-2301
Siste trening for J6-laget vart flytta inn då været ikkje spelte på lag. Nokre kjekke karar frå G6 vart med på "festen"! Vi avslutta inne med boomwhackersspeling, "Klart eg kan!-Felix" på skjermen og muffins, kaker (takk, Marina!) og gelé på fatet! Takk for ein flott sesong, jenter, og takk til kjekke foreldre som alltid stiller opp og hjelper til!
2022-12-02T07:07:53
https://ahil.no/post/197
OSCAR-2301
Design og stilhistorie gir eit grunnlag for å forstå stilutviklinga i mange design- og handverksfag, og korleis ulike fag har påverka kvarandre. Boka tek for seg hovudtrekka i utviklinga av design og stil frå ca. 1750 til i dag – med vekt på handverksfaga. Ho kan nyttast på fleire vg2-programområde i design og handverk. På kvart programområde kan ein velje dei mest relevante delane i boka ut frå kompetansemåla i læreplanen.
2022-12-02T07:04:49
https://yrkeslitteratur.no/nb/node/1609
OSCAR-2301
bibliotek i ein kommune, drifta og finansiert av denne kummunen og med kommunen sine innbyggjarar som målgruppe
2022-11-26T23:51:23
http://termwiki.sprakradet.no/wiki/Folkebibliotek
OSCAR-2301
Vekas store gode nyhende kom frå Sparebanken Vest, som tildelte oss heile 38 000 kroner frå Ildsjelsfondet sitt. Pengane skal i fyrste rekkje gå til ein sommarskule for ungpadlarar. Detaljane kjem me attende til. Nokre av dei same innkjøpa me treng til denne, vil me òg kunna bruka til parapadlinga vår, som me fekk støtte til frå Austevoll kommune sine idrettsmidlar. Me kjem til å kunngjera detaljane kring padleskulen vår i løpet av våren, men opplegget kjem til å få over tre dagar de fyrste veka av skuleferien.
2022-12-10T10:15:42
https://havstrilpadleklubb.com/2021/04/17/stor-stotte-fra-sparebanken-vests-ildsjelfond/
OSCAR-2301
Universitas – E ha gådd på Skogmo Universitetet, pleide han å seie, humoristen og rørleggjaren Svein frå Brønnøysund. Han gjekk bort for nokre år sida. Han var ein kar som visste mykje, ikkje minst om hurtigruta. Dette var før nokon kom på den narrestreken at kvar einaste læreanstalt i kvar einaste snobbete norsk by skulle […]
2022-11-30T23:48:43
https://finnbakk.com/tag/laererskole/
OSCAR-2301
er utdanna klassisk dansar og pedagog frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han har vore engasjert som danseinstruktør i Den mangfaldige scenen sidan 2017. Edwin har bakgrunn frå Ecuador og er Native American.
2022-12-07T16:46:46
https://www.mangfaldige.no/instruktor-edwin-a-c-cachiguango
OSCAR-2301
Rift øverst på smussomslag, elles fin bok med mange flott foto frå denne første norske erobring av Nordpolen.
2022-11-27T04:27:27
https://www.ishavsmuseet.no/produkt/ferden-mot-nordpolen/
OSCAR-2301
- Det gjekk fort, svært fort, då politiet i nesten tre timar natt til i dag, tysdag, jakta på ein ung bilist på E16 mellom Vaksdal og Voss.
2022-12-01T19:08:04
https://www.vp.no/dramatisk-biljakt-pa-e16/s/5-134-53118
OSCAR-2301
Skorefjell er eit fjell, 1520 moh, som ligg 9 nautiske mil (17 km) nordaust for Stor Hånakken i Napier Mountains i Enderby Land. Det vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen i 1936–37 og vart namngjeven Skorefjell.
2022-11-26T23:25:10
https://mapio.net/wiki/Q7536327-nn/
OSCAR-2301
Innbyggarar i Time får nå drikkevatn frå Langevatn i Gjesdal igjen, etter å ha fått vatn frå Hagavatn vassbehandlingsanlegg i Matningsdal i perioden 24. oktober til 21. november. Årsaka til at det vart forsynt vatn frå Hagavatn i perioden var at det interkommunale selskapet IVAR jobba med å kopla saman ein ny hovedleidning på Kvernaland med Jærledningen. Dermed var det i ein periode behov for stans i vassforsyninga frå Langevatn i Gjesdal, som vanlegvis forsyner deg med drikkevatn. Vatnet frå Matningsdal var heilt trygt å drikka, og vart mellom anna behandla med lut for pH-stabilisering og klor for desinfisering.
2022-12-07T14:34:33
https://www.time.kommune.no/aktuelt/na-far-du-drikkevatn-fra-langevatn-igjen.20354.aspx
OSCAR-2301
“Dei solstrålane som treff oss, bruker 8 min frå sola og hit. Det tek 100 000 lysår å reise frå ytterpunkt til ytterpunkt i galaksen vår, Melkevegen. De anslår at det fins fleire 100 milliardar galaksar. (Veit ikkje korleis dei har funne ut dette, kanskje noko synsing..) Gud seier at han er konge over alt dette, i Salme 103, 19 Herren har reist sin trone i himmelen, han rår som konge over alt. Gud er stor!
2022-11-29T10:32:09
https://imfung-sunnmore.no/tale-pa-nett/
OSCAR-2301
Aura Avis er ei avis som blir utgjeven på Sunndalsøra på Nordmøre i Møre og Romsdal. Avisa dekkjer i hovudsak kommunane Sunndal, Nesset og Tingvoll.
2022-12-08T12:07:18
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Aura_Avis
OSCAR-2301
Statnett skal frakta ein 82 tonn tung transformator på eit 32 meter langt køyretøy med samla vekt 300 tonn frå den forsterka kaien i Fjæra på E 134 til kraftstasjonen i Røldal.
2022-12-03T09:59:26
https://www.h-avis.no/sja-opp-for-dette-beistet-pa-e-134/s/5-62-1235865
OSCAR-2301
Ei helsing frå kyrkjelyden til foreldra på dåpsdagen. Fortel om dåpen og om det å vere foreldre og omsorgspersonar. Har med ei bønn for dåpsbarnet. Vakkert illustrert. Brosjyren finns også på bokmål.
2022-12-10T02:39:18
https://iko.no/forlaget/til-utdeling-i-kirken/gratulerer-med-dapsbarnet-nyn
OSCAR-2301
Karluf Håkull frå Nortura vil ta for seg holdvurdering, og Jenny W. Johnsen frå Felleskjøpet vil ha eit innlegg om kva kraftfôr ein kan nytte når det er lite med grovfôr.
2022-12-08T03:10:53
https://www.nsg.no/hordaland/lokallag/lindas-og-meland-sau-og-geit/fjosmote
OSCAR-2301
Eit fjøs (frå norrønt fjós, 'fehus') er ein bygning eller eit rom for husdyr.[1] Vanlegvis er det storfe eller småfe som vert haldne i eit fjøs, medan hestane vert haldne i ein stall. Moderne fjøs vert ofte kalla «driftsbygning».
2022-12-09T10:04:50
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fj%C3%B8s
OSCAR-2301
Provinsen Ferrara (italiensk Provincia di Ferrara) er ein provins i regionen Emilia-Romagna i Italia. Hovudstaden er byen Ferrara. Han har eit areal på 2 632 km² og totalt 349 774 innbyggjarar (2005). Det er 26 kommunar i provinsen og dei største av desse er
2022-11-29T11:28:57
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Provinsen_Ferrara
OSCAR-2301
Vestlandets største gravfelt frå jernalderen med 350 gravhaugar frå år 400-1000 e.Kr. som er ein del av eit fascinerande kulturlandskap. Kulturhistorisk vegvisar med kart på turistkontoret.
2022-11-29T18:39:44
https://www.fjordnorway.com/no/se-og-gjore/haereid-gravfelt-fra-jernalderen
OSCAR-2301
Elevane frå Ballettskolen i Ålesund Kulturskole ønskjer velkommen til den store framsyninga i haust! Her vil de få sjå eit breitt spekter av dansestilar frå nydeleg klassisk ballett til rytmisk steppdans, moderne, jazz og hip hop. Her er musikk og dans for alle smakar. Kom og sjå kva dei fantastisk dyktige elevane vår og pedagogar har jobba med i haust!
2022-12-05T01:42:49
https://parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1555&lang=1&MId1=18387
OSCAR-2301
Ikkje uventa toppar Torbjørn Vereide frå Sunnfjord Ap det første utkastet til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane si liste til stortingsvalet neste haust.
2022-12-03T12:23:03
https://www.sognavis.no/vereide-toppar-ap-lista-asperanden-navarsete-nadde-ikkje-opp/s/5-115-484592
OSCAR-2301
Høvelbenken stammar frå Insjön i Åhls socken i Leksand kommune. Den stod i uthuset til eit hus som vart bygd tidleg på 1900-talet og kan truleg vere frå den tida. Foto: Roald Renmælmo
2022-12-05T05:36:18
https://hyvelbenk.wordpress.com/img_3257/
OSCAR-2301
Fluens er ein fluks integrert over tid. Dette tyder tettleiken til energi, lys, partiklar og liknande som strøymer frå alle retningar gjennom eit område. For partiklar er han definert som den totale mengda partiklar som strøymer gjennom eit område i løpet av eit tidsintervall og har eininga m–2 (talet på partiklar per kvadratmeter). Fluens kan òg skildre energi levert per areal, og har då eininga J/m2. Det vert rekna som ein av dei grunnleggande einingane i dosimetri.
2022-12-04T06:08:16
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Fluens
OSCAR-2301
Eg får ikkje lov til like mykje som mine venner. Foreldra mine seier eg må vera heime lenge før vennane mine på kvelden, og det er mange aktivitetar eg ikkje får vera med på fordi foreldra mine meiner det ikkje er bra. Før var foreldra mine greie, men det siste året har dei blitt strengare. Foreldra mine er frå Somalia. Kva skal eg gjere? - Jente 12 -
2022-12-04T06:06:28
https://www.bt.no/junior/i/nAanjd/jente-12-fraa-somalia-eg-faar-ikkje-lov-til-like-mykje-som-mine-venner
OSCAR-2301
Middelklassen treng vin, men vin treng også middelklasse. Med turismen har Bali hatt ein enorm økonomisk utvikling – kombinasjonen turisme, busetnad av expats frå resten av verda, og ei gryande middelklasse i lokalbefolkninga har skapt ein etterspurnad etter vin som har fått fleire og fleire produsentar på bana..
2022-12-04T12:36:49
https://www.nattverden.com/tag/brobolinggo-biru/
OSCAR-2301
Ei heilt ny forteljing om ingeniør Knut Berg. Denne gongen gjer prinsesse Aima eit urovekkjande funn i Antarktis. Doktor Panga jaktar framleis på gull og rikdom, og ingen frå Kalimanko skal stoppa han. Ikkje ein gong deira gode ven Knut Berg. Men er det råd å stogga forædaren? Klassisk julemoro sidan 1941.
2022-12-02T19:22:30
https://www.fonna.no/products/ingenior-knut-berg-nordsamisk
OSCAR-2301
Sylte kyrkje er ei langkyrkje med eit korparti noko smalare enn skipet, tårnet står over våpenhuset. Hovudinngang gjennom våpenhuset frå vest, sideinngangar midt på skipet. Byggverket er i tømmer med liggande bordkledning utvendig og har 350 plassar. Skipet måler 17 m x 11,6 m, koret 5,6 x 7,8 og våpenhuset 4,6 x 7,7. I skipet er galleri som kviler på tresøyler. Ho vart restaurert i år 2000. Det er kyrkjegard omkring kyrkja. Ei stor steinhelle brukt som alter i Døving kapell frå katolsk tid er oppstilt inne i kyrkja. Kyrkja står i aust-vest retning med hovudinngangen og klokketårnet i den vestlege enden. I følgje bygdeboka er det litt uklart kven som var arkitekt, men skipsbyggaren Nils A. Liaaen fekk 10 daler i betaling for «Tegning til Sylte Kirke» og arkitekt Jacob Wilhelm Nordan gjorde nokre endringar på den første teikninga. Etter Nordans endringar vart det 12. november 1862 gitt kongeleg løyve til nybygget. Originalteikningane og referata gjekk tapt då arkivet brann i 1911 Sylte kyrkje liknar svært på Sunnylven kyrkje og Liaan (som var frå Ljøen ved Hellesylt) var truleg inspirert av den nye kyrkja på Hellesylt. Byggmeister var Gjert Lien frå Nordfjord. Den såkalla kyrkjeteigen i Selboskarbygda vart nesten snauhogd for å skaffe nok tømmer. Byggjearbeidet tok til i april 1863 og kyrkja vart vigsla 5. november 1863. Kyrkjeklokka har årstalet 1866 og er støypt av John Warnes & Sons, London. Altartavla viser Jesus i Getsemane måla av Peder Cappelen Thurmann (kopi av Gustave Dorés måleri). Thurmann var svoger til Nils Astrup, den dåverande soknepresten i Norddal.
2022-12-03T19:51:29
https://naering.dialekttempen.no/butikk/termometer/fylker/more-og-romsdal/valldal/?add-to-cart=413
OSCAR-2301
Sogndal, Næringsliv | Meiner unge og studentar ikkje blir prioriterte i Sogndal skisenter: – De må ikkje gløyma dei lokale
2022-12-03T16:36:29
https://www.sognavis.no/meiner-unge-og-studentar-ikkje-blir-prioriterte-i-sogndal-skisenter-de-ma-ikkje-gloyma-dei-lokale/s/5-115-892693
OSCAR-2301
Arkiv etter fleire profesjonelle fotografar er tekne godt vare på for ettertida og ti-tusenvis av bilde frå arkiva deira er digitaliserte og ligg i databasen. For ei oversikt over fotografane som hadde sitt virke frå 1850 til 2000 i Møre og Romsdal, sjå vedlegg.
2022-12-05T00:31:21
https://www.ikamr.no/fotografane
OSCAR-2301
Serveringsbrett frå Kippan AB, Sverige. Design Finn Schjøll. Klippan AB starta som eit veveri tilbake i 1879.
2022-12-08T09:08:06
https://www.gullsmedaabo.no/vare/serveringsfat2-moonlight-klippan/
OSCAR-2301
Sommaren 1975 gjorde NRK fjernsynsopptak frå Hilme-stemnet på Valdres Folkemuseum. Her kan du sjå dei to programma:
2022-11-27T11:35:04
https://valdresmusea.no/nrk
OSCAR-2301
Å vere konservativ er å ville ta vare på noko slik det er. Ordet kjem frå latin, conservare, å ta vare på. Som generelt ord er ordet konservativ såleis veldig vidt, og folk kan vere konservative på eitt område, men gå inn for endring på eit anna. Som politisk nemning er det å vere konservativ i ein vestleg kontekst det same som å vere på høgresida. Den politiske konservatismen oppstod som ein reaksjon mot den franske revolusjonen frå 1789 og frametter, med britiske Edmund Burke som framståande tenkjar.
2022-12-01T20:32:10
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Konservativ
OSCAR-2301
Her er nokre gamle bilete. Slike har du kan hende nokre av heime. Eit godt råd er å få merka disse. Skriv med blyant på baksida, noter stad og tid, namn på personar, fotograf og anledning då biletet vart teke. Før vi veit ordet av det er det ingen som hugser lengre, og då er ein bit av historia borte. Heller ikkje bileta vi syner her har all informasjon notert.
2022-12-01T11:07:37
http://www.kvinnheradsogelag.no/gamlebilete/
OSCAR-2301
I helga arrangerte Florø Taekwondo eit stort Dan-seminar. – Veldig kjekt at kom så mange frå Bergen, Nordfjord og Austlandet.
2022-11-28T11:11:29
https://www.firdaposten.no/stralande-taekwondo-stemne/s/5-16-647067
OSCAR-2301
24.12.2011 Som vanleg var me ein liten gjeng frå EML og spelte til bebuarane på Fusa Bu- og behandlingssenter på julafta.
2022-12-02T07:00:48
https://eikelandsfjorden.no/?k=2002&id=18083&aid=9333
OSCAR-2301
Leiar i fotballgruppa til Rosendal Turnlag, Lars Emil Berge, fortel til Kvinnheringen at dei ventar på svar frå ein person om å ta over trenarjobben.
2022-12-03T12:47:43
https://www.kvinnheringen.no/jaktar-ny-trenar/s/5-27-116992
OSCAR-2301
Vi har samla oppskriftane på dei kreative dessertane frå dei ulike skulane i denne boka, samt gullmenyen til Heidal.
2022-11-30T04:27:29
https://www.kokkekamp.net/kopi-av-2016
OSCAR-2301
Den gong hadde Aurland Kommune monopol på salg av øl i klasse 2 og 3. Geitle filialen fekk agenturet frå Hansa og blei den einaste utsalgs-staden for øl i kommunen. Eigentleg låg alt til rette for ein butikk med god økonimi. Dessverre gjorde økonomisk misleghald slutt på dette etter få år. Etter skandala var eit faktum, trekte Geitle seg ut og Paul Tokvam overtok agenturet frå Hansa. Utsalget blei flytta til kjølelageret i Aurland.
2022-11-27T05:15:30
https://www.aurlandsportalen.net/bildr/gamle-bilder/flam/1147524_10151641895396637_655073995_o.jpg.php
OSCAR-2301
Me vil ikkje ta inn fleire bruder til 2023 då me ikkje har kapasitet. Dei som allereie har time vil behalde denne.
2022-12-08T00:16:48
https://kamifrisor.no/artikkel/brud/12899/2106
OSCAR-2301
Blautkake, òg kalla kremkake er en kake beståande av fleire lag sukkerbrød skilt med krem og fyll. Kaka er til slutt dekt med krem. Ho blir ofte pynta med strø av ulike sortar. Nokon regnar òg marsipankake for å vere ein type blautkake.
2022-11-26T23:18:27
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Blautkake
OSCAR-2301
Søndag 27. september var nokre frå fjellstyret på synfaring på hytta ved Langvatnet. Sidan dei andre hytteeigarane har bede fjellstyret om å vere med på eit spleiselag for ein felles utedo, var det naturleg å ta ein tilstandsrapport også for hytta. Det er tydeleg behov for vedlikehald. Ein må ta stilling til bruk og kostnad.
2022-12-06T06:14:05
http://www.norddal-fjellstyre.no/nyhetsarkiv/62-synfaring-ved-langvatnet.html
OSCAR-2301
Få med deg ei flott festgudsteneste frå heile Time kl. 11.00 på 17. mai. Det vert innslag frå alle kyrkjene, mykje flott musikk og mange fine bilete frå den flotte naturen i kommunen vår!
2022-11-30T07:16:43
https://www.lyeforsamlingshus.no/2020/05/14/gudsteneste-17-mai/
OSCAR-2301
Omenås Hyttegrend ligg om lag 8 km frå Valldal sentrum der dalen er på sitt breiaste og sola kjem godt til. Tomtene er sørvendte med ei flott utsikt.
2022-12-01T10:49:57
https://www.hytteivalldal.no/?p=1
OSCAR-2301
provinsen Isparta (tyrkisk Isparta ili) er ein provins sørvest i Tyrkia. Naboprovinsane er Afyon i nordvest, Burdur i sørvest, Antalya i sør og Konya i aust. Han har eit areal på 8 993 km² og har litt under ein halv million innbyggjarar. Provinshovudstaden er Isparta.
2022-11-30T00:50:52
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Provinsen_Isparta
OSCAR-2301
Dåhjort eller dådyr, Dama dama eller Cervus dama, er eit hjortedyr som lever i Europa. Dei fleste stadene der dåhjorten finst, lever han i parkar og er berre delvis vill.[1] Han vart innført til Noreg fleire gonger på 1900-talet, og det finst mellom 100 og 500 individ i landet, dessutan streifdyr frå Sverige.[2]
2022-12-06T13:28:35
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/D%C3%A5hjort
OSCAR-2301
Dei 12 som kom til Luxembourg fortel mykje om kven dei er, barna som sit i sprengfulle flyktningleirar på greske øyar. Dei einslege mindreårige er gutar, og flest kjem frå Afghanistan.
2022-12-05T15:02:21
https://www.vl.no/nyheter/2020/04/16/moriabarna-er-gutar-fra-afghanistan/
OSCAR-2301
Trur eg greier meg heilt fint med Opera, ser ingen grunn til å stole noke meir på explorer no enn eg gjer frå før.
2022-11-26T16:09:01
https://gunners.ipbhost.com/topic/2455-har-dere-internet-07/
OSCAR-2301
Cinnamon City er bandet som spelar alle dei gode låtane du hugsar godt frå 90-talet då du vaks opp, i tillegg til ei god blanding av nyare hits. Eit høgt energinivå både på scena og blant publikum er ein garanti på konsertane! Siste åra har dei spelt på Rokken i Volda og iår tek dei turen til oss.
2022-12-01T11:09:31
https://brovollsfestivalen.com/portfolio-2/fredag-cinnamon-city/
OSCAR-2301
Det blir ikkje målprisutdeling på Lustramarknaden 10. juni 2017. Me orienterer om dette sidan det har vore eit fast innslag dei fleste år sidan 2002. Det er praktiske grunnar til at me ikkje deler ut prisen no, og me vil kome attende til målprisen ved eit seinare høve. God lustramarknad til alle!
2022-12-06T14:33:57
http://www.krundalen.no/lustermaallag/?p=240
OSCAR-2301
Tulip suppleringstol er ein stilig stol med stramt design. 360 graders sving og den fås i eit hav av fargar!
2022-11-26T13:14:45
https://xn--slenmbler-g3a6r.no/produkter/stue/hvilestol/tulip/
OSCAR-2301
"Kafeen ser heilt fantastisk ut!! Det har vore so travelt at eg ikkje har hatt tid til noko. Gjestene er superimponerte og eg smile frå øyra te øyra! Tusen takk for godt utført jobb Kari"
2022-12-01T12:32:08
http://www.kari-ruud.no/tjenester/material-fargevalg/?print
OSCAR-2301
Denne teksten vart fyrst publisert i Mål og Makt. Emnet er Radio, Teknologi, sjangeren er Artikkel og publikasjonsåret er 1999. Radio og fjernsyn har vorte stadig meir sentralstyrte. Overgangen frå NRK-monopol til kabel og satelitt var ein overgang frå ein stor til mange store sentralstyrte kanalar. Frisleppet i Noreg skapte endring frå ei politisk styring til mange marknadsstyringar av innhaldet. Summen av teknisk, økonomisk og redaksjonell styring over innhaldet er såleis større enn nokon gong […]
2022-11-29T18:41:50
https://larsnyre.no/publikasjon/mal-og-makt/
OSCAR-2301
Innbyggjar er nemninga på ein person som har særleg tilknyting til eit nærare avgrensa landområde, som til dømes ein nasjonalstat, eit fylke, ein by, ei bygd, grend og liknande, på ein slik måte at dette vert rekna som som heimstaden eller heimlandet til vedkomande. Talet på innbyggjarar i eit område, innbyggjartalet eller folketalet, vert nytta i mange slags statistikkar, og er viktige for ymse nasjonale og internasjonale samanlikningar og ulike typar samfunnsplanlegging.
2022-11-26T16:10:42
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Innbyggjar
OSCAR-2301
S/2003 J 3 er ein av månane til Jupiter. Han er medlem av Ananke-gruppa, og var truleg ein bit av ein asteroide som vart fanga inn av Jupiter. Han har ein snittradius på kring 1 km.
2022-12-07T02:22:17
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/S/2003_J_3
OSCAR-2301
Warsan Shires dikt har nådd hundretusenvis av menneske. Erfaringa som ifølgje poeten sjølv har forma ho mest, er at ho vart omsorgsperson medan ho framleis var eit barn.
2022-11-29T04:23:12
https://www.morgenbladet.no/boker/2022/10/07/viss-eg-skulle-venta-pa-ei-roleg-tid-ville-eg-aldri-ha-skrive-noko/
OSCAR-2301
Stad kommune har felles beredskapsvakt med Stryn kommune og Gloppen kommune. Dette er ei bakvakt du kan kontakte utanom kontortid dersom du meiner at eit barn er i ein akuttsituasjon som krev øyeblikkeleg tiltak frå barnevernstenesta.
2022-12-07T00:54:16
https://stad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/barnevern/barnevernsvakt/
OSCAR-2301
Johan Hustadnes, 37 år, bur i Volda, reiste i november til den norske forskingsstasjonen Troll i antarktis. Der skal han vere i eitt år. Han har sendt hjorundfjord.no brev og foto. Til høgre ser vi eit eksemplar av Adeleiepingvinen.
2022-11-30T06:52:47
https://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=stikkord&stikkord=Norsk%20Polarinstitutt
OSCAR-2301
Det vil bli ein del øvingsaktivitet frå naudetatane i Seljord frå kl 08.00 og fram til ca kl 15.00 den 05.12 Øvingane vil skje i områda Sinnesodden, Folkehøgskulen og Århus / Gvammen. Ein ber publikum forhalde seg til utrykkingskjøretøy som om det er reelle hendingar.
2022-12-08T13:41:14
https://www.seljord.kommune.no/oeving-med-naudetatar-i-seljord-fraa-kl-08-00-i-dag.6268715-480104.html?printable=1
OSCAR-2301
I kveld var det Sondre og Sigrid som hadde ansvaret i radioen. Eg fekk ikkje høyre programmet i kveld, det var ikkje i avisa i går, men vart lagt ut på facebook i dag:
2022-11-29T20:52:09
https://blog.setesdalswiki.no/2016/05/onsdag-med-sigrid-og-sondre/
OSCAR-2301
Endelig tilbake! Det har vært ein lang pause frå bloggen...... Men eg har mala og tova dette året òg. Det har bare ikkje kome inn her. Skal sjerpe meg.
2022-12-04T09:40:44
https://ullovera.blogspot.com/
OSCAR-2301
Han såg framover mot den gylne morgonroden som skulle renna for etterkomarane hans. Frå Herren venta han den. Sjølv hadde han fått smaka Herrens fred. Gjennom mange feilsteg og kampar hadde han funne nåde hjå Gud. Men han visste at frelsa frå Herren skulle openberrast endå herlegare ein gong. Det den gamle Herrens tenar hadde ei uklår aning om, det er openberra for oss. Den gylne dagen har runne. Frelsa frå himmelen er komen ned til jorda. Har vi opna hjarto våre for den, då er det tennt ljos over utlegda vår, og vi kan med glede rykkja teltpluggane våre opp når timen kjem. Det er vondt at det er så mange som går blinde for denne gylne dagen. Dei ventar si "frelse" − si glede og trøyst − nedanfrå, frå jorda og hennar gode ting. Dei vil ein gong forstå at dei har lura seg sjølve. Det dei ventar på, vil gjera dei vonbrotne. Og deira avskil frå verda vil verta ein avskil frå alt dei har elska og levd for. Lat oss då søkja den fulle frelsa frå Herren. Lat oss sanna syndene våre for Gud, og med Jakob kjempa til sigeren er vunnen − lat oss ikkje sleppa han før han velsignar oss. Han vil så gjerne gjera det, berre det er rom for han i hjarto våre. Så skal vår utgang òg frå denne verda verta ei utløysing. Avskilsdagen vår skal verta vår herlegdomsdag.
2022-11-27T11:48:14
https://www.bibelutfordringen.no/2015/01/085.html
OSCAR-2301
Kalisz er ein by sentralt i Polen med om lag 103 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Prosna søraust i Storpolske voivodskap, og dannar eit storbyområde i lag med dei nærliggande byane Ostrów Wielkopolski og Skalmierzyce. Kalisz er ein viktig industrielt og kommersielt senter i regionen med fabrikkar som pianofabrikanten Calisia. Byen er òg eit senter for tradisjonell folkekunst. Kalisz er ein av dei eldste byane i Polen, og har ei historie så lang tilbake som til byrjinga av 100-talet. I 1281 fekk han status som by. Under den første verdskrigen vart byen kraftig bomba og sterkt skadd. KjelderEndra Denne artikkelen bygger på «Kalisz» frå Wikipedia på engelsk, og «Kalisz» frå Wikipedia på bokmål den 17. juni 2008.
2022-12-02T13:59:06
https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Kalisz
OSCAR-2301
Deltakarar som er registrert i trimklassa er med i trekninga om mange flotte premiar. Mellom ana kan du vinne reisegåvekort frå TUI.
2022-12-03T06:40:40
https://haukelirennet.no/resultat-og-premiering/
OSCAR-2301
I dag vart det kjent at den eine som vart drepen i skytinga i Oslo sentrum natt til laurdag kom frå Kvinnherad. Dette er ei hending som rører fleire og Kvinnherad kommune tilbyr psykososial støtte til andre som kjenner behov for det. Dersom du treng nokon å snakke med kan du kontakte oss på telefonnummer 480 49 098.
2022-12-01T09:23:35
https://www.kvinnherad.kommune.no/psykososialt-stoette-iverksatt.6536666-431582.html
OSCAR-2301